onsdag 3. juni 2009

Hovudkultur – Delkultur og Urfolk


Hovudkultur: Den dominerande kulturen i eit samfunn

Delkultur: Ei kulturgruppe innanfor eller under hovudkulturen. Medlemma i slike grupper legg vekt på bestemte verdiar og normer som i større eller mindre grad skil seg frå hovudkulturens.

I Noreg er hovudkulturen den norske kulturen. Når små kulturar eksisterar ved sida av eller innanfor den norske kulturen, blir det kalla for delkulturar. Det er til dømes vanleg å snakke om både ungdomskultur, hip-hopkultur og kystkultur innanfor den norske kulturen. Andre land har andre kulturar ved sida av hovudkulturen.

Ein type delkultur er dei etniske minoritetane. Vi skil mellom tre typar etniske minoritetar; urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrarar. Det er berre samane som er rekna som urfolk (fotnote) i Noreg. Nasjonale minoritetar er grupper med lang tilknyting til Noreg, som har bevart identiteten sin og deler av det kulturelle særpreget. Døme på dette er Jødar og sigøynarar. Innvandrarar er personar med to utanlandsfødde foreldre. Her skil ein mellom førstegenerasjonsinnvandrarar som har innvandra til landet og andregenerasjonsinnvandrarar som er født i Noreg av to utanlandske foreldre.

Desse variasjonane innanfor eit samfunn visar at ein skal væra svært forsiktige med å snakke skråsikkert om korleis den og den kulturen er. Det at nokon tilhøyrar ein kultur, betyr nødvendigvis ikkje at dei er på ein bestemt måte. Det fins mangfald innanfor alle kulturar.

Fotnote: Urfolk er folk som har levd i eit område før staten blei danna og som blir forbinda med ein ikkje-industriell produksjonsmåte. Beteninga urfolk blir brukt til om lag 350 millionar menneske som lev i rundt 70 forskjellige land. Urfolka sin situasjon varierar svært mykje etter kva verdsdel dei lev i, kva natur- og miljøbetingingar dei lev under og av dei politiske, sosiale og økonomiske rammebetingingar som ulike nasjonalstatar sett for sine urfolk. Det er ingen generell internasjonal akseptert definisjon av urfolk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar