onsdag 3. juni 2009

Kjelder


http://no.wikipedia.org/wiki/Urbefolkning

http://www.aftenposten.no/forbruker/article1449332.ece

http://no.wikipedia.org/wiki/Ritual

http://www.sd.no/Skolebok/MediaData/Thumbnails/19/1868_9788204118066_7216e61e12e59.jpg

http://gfx.dagbladet.no/pub/artikkel/4/49/498/498810/russ_858_1177485408.jpg

http://www.caplex.no/media/webbilder/8400/pic08281.gif

http://pub.tv2.no/multimedia/TV2/archive/00692/same_692056i.jpg

https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEh1VR-ZjENvX-B4in7ZPTpfJgVjyhxv7ugbcT3n7PDqYN3gqdGwxtQtr1TpEWSySgRnTRd8YwMnz-QzhxW1tVrRTNi1HdRhrFEqlKau1MF023DneU5jktlZBPv7Z5pDQd6BLteSnTUC20E/s320/POSTERS+FUCK+ISLAM+TSHIRT.jpg

Samfunnsfagboka, Standpunkt kapittel 5

Ritual



Samfunnet og kulturen er påverka av religion. Religiøse ritual er ein viktig del av kulturen og har ein sentral plass i dei fleste samfunn. Ritual er ei handling som av eit symbolsk innhald som blir gjentatt etter bestemte reglar. Samfunna har til dømes ritual som markerar overgangar i eit menneskeliv. Barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd er alle ritual med religiøs bakgrunn. Ritual er altså ein bestemt handling som blir gjort på ein bestemt plass til eit bestemt tidspunkt, gjerne begge delar. Fleire kjenneteikn kan være at dei som utførar ritualet brukar spesielle kler, et ein bestemt matrett og så vidare. Ritual kan også vera ikkje religiøst sjølv om kjenneteikna går igjen, som til dømes russefeiringa. Russehua og bukse som klesplagg med festar som ofte har bestemte tema.

Hovudkultur – Delkultur og Urfolk


Hovudkultur: Den dominerande kulturen i eit samfunn

Delkultur: Ei kulturgruppe innanfor eller under hovudkulturen. Medlemma i slike grupper legg vekt på bestemte verdiar og normer som i større eller mindre grad skil seg frå hovudkulturens.

I Noreg er hovudkulturen den norske kulturen. Når små kulturar eksisterar ved sida av eller innanfor den norske kulturen, blir det kalla for delkulturar. Det er til dømes vanleg å snakke om både ungdomskultur, hip-hopkultur og kystkultur innanfor den norske kulturen. Andre land har andre kulturar ved sida av hovudkulturen.

Ein type delkultur er dei etniske minoritetane. Vi skil mellom tre typar etniske minoritetar; urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrarar. Det er berre samane som er rekna som urfolk (fotnote) i Noreg. Nasjonale minoritetar er grupper med lang tilknyting til Noreg, som har bevart identiteten sin og deler av det kulturelle særpreget. Døme på dette er Jødar og sigøynarar. Innvandrarar er personar med to utanlandsfødde foreldre. Her skil ein mellom førstegenerasjonsinnvandrarar som har innvandra til landet og andregenerasjonsinnvandrarar som er født i Noreg av to utanlandske foreldre.

Desse variasjonane innanfor eit samfunn visar at ein skal væra svært forsiktige med å snakke skråsikkert om korleis den og den kulturen er. Det at nokon tilhøyrar ein kultur, betyr nødvendigvis ikkje at dei er på ein bestemt måte. Det fins mangfald innanfor alle kulturar.

Fotnote: Urfolk er folk som har levd i eit område før staten blei danna og som blir forbinda med ein ikkje-industriell produksjonsmåte. Beteninga urfolk blir brukt til om lag 350 millionar menneske som lev i rundt 70 forskjellige land. Urfolka sin situasjon varierar svært mykje etter kva verdsdel dei lev i, kva natur- og miljøbetingingar dei lev under og av dei politiske, sosiale og økonomiske rammebetingingar som ulike nasjonalstatar sett for sine urfolk. Det er ingen generell internasjonal akseptert definisjon av urfolk.

Fordommar – Stereotypiar



Definisjon:

Fordommar: Førestillingar vi lagar oss om andre før vi har tilstrekkelig kunnskap.

Stereotypiar: Overforenkla og misvisande oppfatninga om andre grupper og folkeslag, blant anna etniske stereotypiar, klassestereotypiar, kjønnsstereotypiar og by-land-stereotypiar

Når ein møtar nye folk, har vi ofte fått oss meiningar om korleis dei er før ein faktisk har møtt dei. Til dømes forventar med at nordlendingar skal væra litt barske og humoristiske, skottar er gjerrige, svenskar er dumme eller at alle frå Suldal Kommune skal væra kjempeflinke i Volleyball. Slik generalisering blir kalla for fordommar. Ordet blir ofte brukt om negative og fordømmande haldningar, men fordommar treng ikkje væra det likevel. Ein fordom kan i prinsippet også være positivt lada. Eit godt døme på dette er at ein vanleg fordom om afrikanarar er at dei er svært musikalske eller at alle italienarar er flinke til å lage mat.

Nordmenn flest har også svært mange positive fordommar om seg sjølv. Vi er fredselskande folk som historisk har lange tradisjonar for fredsarbeid. Det er svært vanleg at fordommar er knytte til etniske grupper, kjønn og samfunnsklassar. Likevel er fordommar aldri sanne. Grunnen til dette er at alle menneske er forskjellige, me er individ, uansett kva gruppe me tilhøyrar. Det er mange fordommar retta mot kvinner, til dømes at dei er mykje verre til å kjøre bil enn menn. Om ein ser på statistikken her over alvorlige trafikkulykker, viser det seg at det er mykje fleire menn som er involvert. Felles for alle fordommar er da altså at det er forhandsfordommar som vi gjør oss før vi har undersøkt korleis det er i verkelegheita.

Ein annan, meir alvorleg, type fordommar er når fordommar er både vondsinna og totalt misvisande. Dette gjeldt blant anna rasistiske og andre typar fordommar om bestemte gruppers moral. Som til dømes at ”alle sigøynarar er kjeltringar”, ”alle muslimske kvinner er undertrykte”, ”alle norske jenter er horer”. Fordommar som dette er med på å skapa skarpe grenser mellom gruppene og det kan også bli brukt ideologisk for å forsvara at ei gruppe undertrykkar ei annan. Når fordommar blir brukt slik som ovanfor, for å stemple ei bestemt grupper, blir dei kalla for stereotypiar.

Stereotypiar kan likevel ha ein viss sanning i det dei seier, men poenget er at det blir svært forenkla og forstørra. Til dømes så er det faktisk sant at pakistanarar flest tar meir omsyn til familien sin enn dei fleste nordmenn gjør. Likevel gjør ikkje dette alle nordmenn til egoistiske menneske som berre tenkar på seg sjølv.

Problemet med dette er at stereotypiar og fordommar gjør det svært vanskeleg for innvandrarar, nordmenn med mørk hud og folk med utanlandske namn å bli behandla på lik linje med andre. Til dømes når det gjeld å søka jobb eller kjøpa bustad. Det er fleire døme på personar med utanlandske namn som har prøvd å søkje jobb, for å så få avslag etter lang tid, medan når dei har skifta namn har dei blitt kalla inn til intervju etter kort tid. På denne linken ”http://www.aftenposten.no/forbruker/article1449332.ece”, finn du eit godt døme på dette.

Årsakene til at fordommar og stereotypiar oppstår er at det er mangel på kunnskap og det styrkar ”det indre fellesskapet” og sjølvtilliten i gruppa. Når ein kjem over problem i samfunnet, er det ofte behov for å finne syndebukkar. Det er til dømes lett å leggje skylda på innvandrarane når det kjem til arbeidsledigheta i landet. Ein annan årsak er at forskjellsbehandling blir rettferdiggjort og at det førar til eit enkelt og forståelig verdsbilete. Ein treng ofte å forklare ubegripelige forhold og hendingar på ein enkel og forståelig måte. Terrorangrepa mot USA 11. september 2001 er eit eksempel på ein slik hending som den vestlige verda hadde eit svært sterkt behov for å forklara. Terroristane var sjølvmorsaktivistar og sjølvordsterrorisme er knytte til religion og i særleg grad til islam. Likevel viser det seg at sjølvmordsbombarar ikkje nødvendigvis er eit resultat av religion. Fleire sjølvmordsbombarar er ikkje-religiøse (sekulære) og motivasjonen deira er først og fremst politiske mål. At sjølvmordsaksjonar er knytte til religion gir ein enkel og forståelig forklaring, men det betyr likevel ikkje at det er sant.

Kva grunnlag har dei som har laga denne T-skjorta til å bruke slike ord?

Kulturforståing

I denne oppgava her eg sett på to begrepspar og to enkeltbegrept valgt frå ei liste. Eg har sett nermare på eit av begrepspara som eg synest er svært viktig, for å prøve å forklare det litt nermare.