
Definisjon:
Fordommar: Førestillingar vi lagar oss om andre før vi har tilstrekkelig kunnskap.
Stereotypiar: Overforenkla og misvisande oppfatninga om andre grupper og folkeslag, blant anna etniske stereotypiar, klassestereotypiar, kjønnsstereotypiar og by-land-stereotypiar
Når ein møtar nye folk, har vi ofte fått oss meiningar om korleis dei er før ein faktisk har møtt dei. Til dømes forventar med at nordlendingar skal væra litt barske og humoristiske, skottar er gjerrige, svenskar er dumme eller at alle frå Suldal Kommune skal væra kjempeflinke i Volleyball. Slik generalisering blir kalla for fordommar. Ordet blir ofte brukt om negative og fordømmande haldningar, men fordommar treng ikkje væra det likevel. Ein fordom kan i prinsippet også være positivt lada. Eit godt døme på dette er at ein vanleg fordom om afrikanarar er at dei er svært musikalske eller at alle italienarar er flinke til å lage mat.
Nordmenn flest har også svært mange positive fordommar om seg sjølv. Vi er fredselskande folk som historisk har lange tradisjonar for fredsarbeid. Det er svært vanleg at fordommar er knytte til etniske grupper, kjønn og samfunnsklassar. Likevel er fordommar aldri sanne. Grunnen til dette er at alle menneske er forskjellige, me er individ, uansett kva gruppe me tilhøyrar. Det er mange fordommar retta mot kvinner, til dømes at dei er mykje verre til å kjøre bil enn menn. Om ein ser på statistikken her over alvorlige trafikkulykker, viser det seg at det er mykje fleire menn som er involvert. Felles for alle fordommar er da altså at det er forhandsfordommar som vi gjør oss før vi har undersøkt korleis det er i verkelegheita.
Ein annan, meir alvorleg, type fordommar er når fordommar er både vondsinna og totalt misvisande. Dette gjeldt blant anna rasistiske og andre typar fordommar om bestemte gruppers moral. Som til dømes at ”alle sigøynarar er kjeltringar”, ”alle muslimske kvinner er undertrykte”, ”alle norske jenter er horer”. Fordommar som dette er med på å skapa skarpe grenser mellom gruppene og det kan også bli brukt ideologisk for å forsvara at ei gruppe undertrykkar ei annan. Når fordommar blir brukt slik som ovanfor, for å stemple ei bestemt grupper, blir dei kalla for stereotypiar.
Stereotypiar kan likevel ha ein viss sanning i det dei seier, men poenget er at det blir svært forenkla og forstørra. Til dømes så er det faktisk sant at pakistanarar flest tar meir omsyn til familien sin enn dei fleste nordmenn gjør. Likevel gjør ikkje dette alle nordmenn til egoistiske menneske som berre tenkar på seg sjølv.
Problemet med dette er at stereotypiar og fordommar gjør det svært vanskeleg for innvandrarar, nordmenn med mørk hud og folk med utanlandske namn å bli behandla på lik linje med andre. Til dømes når det gjeld å søka jobb eller kjøpa bustad. Det er fleire døme på personar med utanlandske namn som har prøvd å søkje jobb, for å så få avslag etter lang tid, medan når dei har skifta namn har dei blitt kalla inn til intervju etter kort tid. På denne linken ”http://www.aftenposten.no/forbruker/article1449332.ece”, finn du eit godt døme på dette.
Årsakene til at fordommar og stereotypiar oppstår er at det er mangel på kunnskap og det styrkar ”det indre fellesskapet” og sjølvtilliten i gruppa. Når ein kjem over problem i samfunnet, er det ofte behov for å finne syndebukkar. Det er til dømes lett å leggje skylda på innvandrarane når det kjem til arbeidsledigheta i landet. Ein annan årsak er at forskjellsbehandling blir rettferdiggjort og at det førar til eit enkelt og forståelig verdsbilete. Ein treng ofte å forklare ubegripelige forhold og hendingar på ein enkel og forståelig måte. Terrorangrepa mot USA 11. september 2001 er eit eksempel på ein slik hending som den vestlige verda hadde eit svært sterkt behov for å forklara. Terroristane var sjølvmorsaktivistar og sjølvordsterrorisme er knytte til religion og i særleg grad til islam. Likevel viser det seg at sjølvmordsbombarar ikkje nødvendigvis er eit resultat av religion. Fleire sjølvmordsbombarar er ikkje-religiøse (sekulære) og motivasjonen deira er først og fremst politiske mål. At sjølvmordsaksjonar er knytte til religion gir ein enkel og forståelig forklaring, men det betyr likevel ikkje at det er sant.

Kva grunnlag har dei som har laga denne T-skjorta til å bruke slike ord?